torsdag 5. januar 2012

Vintertrimmen 2012 OBS! Alle postane vil vera på plass i løpet av helga.

I tidsrommet fram til 25. april kan du vera med på vintertrim i Skjåk.
Belønninga er svært bra: God trim, ein kjem seg ut i den fine naturen vår, i tillegg får ein vera med i trekninga av fine premiar.
Be med deg ein kamerat, naboen eller kanskje svigermor  på turen og. Da har du både selskap og du har gjort ei god gjerning.

På 10 plassar rundt om i bygda ligg det ute bøker der ein kan skrive inn namnet sitt. Vi trekkjer ein fin premie på kvar bok. I tillegg vil dei som har vore på alle 10 plassane i løpet av perioden, og som sender inn eige skjema, vera med i trekninga av ein hovudpremie.
Turane er spreidd utover bygda. Nokre er best å nå på ski, andre til fots eller på truger.

Dei 10 plassane er:

  • Ljosløypa Dønfoss (oppi krysset)
  • Mysubyttvegen (høgste punkt, 3 km)
  • Botnvegen (3 km opp)
  • Ljosløypa Botn
  • Fjellrotraseen (Fjellro – Nysætra)
  • Gamle Strynefjellsvegen (bommen ved Heillstuguvatnet)
  • Høyvelta (mot Krossen)
  • Skjåkstrond (høgste punktet, ca 1,8 km frå Ånstad)
  • Røyrgata
  • Heimaste Lundadalsætra
Skjema for vintertrimmen kan hentast i Servicetorget, Biblioteket eller hjå Lien Sykkel og Sport.
Eller du kan kopiere det frå denne sida

GOD TUR!