Vinteren er ei perfekt årstid for uteleik og aktivitet, og dei fleste ungar frydar seg når snøen kjem. Her finn du tips til aktivitetar store og små kan gjere saman.
Aktivitetstips for småbarnsalderen 1-5 år
Småbarnsalderen er i viktig periode for læring av dei grunnleggande bevegelsane. Dette skjer best gjennom allsidig bevegelseserfaring i eit variert fysisk miljø.
Bevege seg på forskjellige underlag på føtene, hard snø, is, djup snø, snøhaugar
Renne seg på rumpa eller på akebrett, gjerne med mamma eller pappa som passasjer
Grave snøhole og byggje snømann
Gå på skitur, gjerne med pulk som sikring og tolmodige foreldre, tenne bål, byggje hopp
Prøve seg på slalåmski og gå på skeiser- hugs bruskassa til å støtte seg på og tjukke ullsokkar.
Dei minste ungane må passast spesielt godt på av vaksne når det er kaldt. Pulk anbefalast ikkje for ungar under seks månader, og ikkje når det er under minus 10 grader.
Aktivitetstips for ungar i småskulealderen 6-9 år
Skuleungar treng fleire og meir varierte moglegheiter for å vera i fysisk aktivitet. Mange ynskjer meir tid til fysisk aktivitet og fleire varierte og utfordrande leikemoglegheiter
Skileik - byggje hopp, kular og staup, slalåmløype
Snøhulebyggjing og ei stor flott borg
Ake - lengre og brattare bakkar, kongen på haugen
Skiturar med god tid og tålmodige foreldre – tenne bål, byggje hopp – kanskje spennande med hovudlykt om kvelden
Slalom og snowboard, skogsløyper og humpedumpeløyper
Gå på skeiser - kunstløp, ishockey eler lengdeløp
Aktivitetstips for ungar i alderen 10-12 år
Dei eldste ungane er inne i ei roleg vekstperiode og beherskar normalt dei grunnleggjande bevegelsane. Dei har bevegelseserfaring og forutsetningar for å lære seg teknikkar og ferdigheitar i ulike aktivitetar og idrettar.
Langrenn, slalåm, snowboard, hopp, skeiser i alle variantar
Skileik - byggje hopp, kular og staup, slalåmløype
Skitur med overnatting i telt eller snøhule for dei tøffaste
Isfisketur - hugs varme klede!
Kor kaldt er for kaldt?
Det finns ikkje nasjonale anbefalingar for når det er for kaldt å la ungar vera ute. Temperaturen på gradestokken gjev ikkje alltid eit rett bilde av kor kaldt det egentlig er. Kulda vi kjenner på huda vil vera avhengig av både vindhastighet og luftfuktighet, så vel som sjøve lufttemperaturen. Mykje vind og høg luftfuktighet vil gje auka risiko for forfrysningar og nedkjøling.
I fylgje yr.no vil minus 10 grader og vindstyrke 3m/s (svak vind) kjennast som minus 15 grader. Auker vinden til 9 m/s (laber bris), kjennes det som minus 20 grader. Ved sterk vind bør ungar vera inne sjølv om temperaturen ikkje er så låg.
Anbefalingar for fysisk aktivitet og ungar
Alle barn og unge bør få mest mogleg tid til variert fysisk aktivitet,
og minst 60 minuttar kvar dag. Det er berre positivt hvis aktiviteten foregår utandørs.
Aktiviteten bør vera så allsidig og engasjerande som mogleg for å utvikle alle sider av den fysiske forma som uthaldenheit, muskelstyrke, bevegelighet og motoriske ferdigheitar.
Foreldra er dei viktigaste rollemodellane for ungar opp til ein viss alder, og foreldras aktivitets- og mosjonsvanar har stor betyding for ungars aktivitetsnivå.
(Artikkelen er henta frå Helsedirektoratets heimeside)
