torsdag 19. januar 2012

Pilates startar opp i dag

Gunvor Hesla er utdanna pilatesinstruktør. I dag, torsdag, startar ho oppatt med pilatestrening på 2. etasje i Skjåkhallen.
Det blir ei gruppe for nybyrjarar kl 16.00 og ei for vidarekommande kl 17.00.
Treninga kostar 800 kroner for 8 gongar.
Førehandspåmelding til Gunvor Hesla.

Kva er pilates?

Pilates er ei form for styrketrening med stabilitet og kroppskontroll som mål.
Treninga byggjer opp den indre støttemuskulaturen slik at vi kan bære kroppen best mogleg. Fokus ligg på kjernemuskulaturen i rygg og mage, ikkje på størst mogleg arm- og beinmuskulatur. Øvingane liknar litt på yoga, og er rolege og skånsomme mot kroppen.
Øvingane blir utført på ein bestemt måte, ingenting er overlatt til tilfeldigheitene. Under treninga er utøvaren heile tida i rørsle og stoppar ikkje opp i statiske posisjonar. Alt skjer i takt med rolig innpust og utpust.
"En øvelse utført korrekt, er verd timer med feiltrening".