Skjåk har i år og meldt seg på Norges Svømmeforbund si store mosjonskampanje. I år heiter kampanjen Svøm deg til Rhodos, og foregår i perioda 1. januar til 31. mars. Kampanjen har kvart år med nærare 25.000 deltakare, og har med dette utvikla seg til å bli Norges største mosjonskampanje.
Blant alle vaksne som svøm 10.000 meter og ungar som sym 2.500 meter blir det trekkt vinnare av turar til Rhodos og ein del andre premiar.
Vi vil og i år ha ein eigen premiepott der ein kan vinne klyppekort i til symjehallen. Vinnarane her blir trekt ut blant alle som fyller ut registreringskort for kampanjen uavhengig om ein når målet om 10.000 eller 2.500 meter.
Det vil ligge registeringskort inne i symjehallen. Ein kan og registrere seg direkte på http://www.svomlangt.no/
Symjing er ein glimrande aktivitet både for å halde seg i form og det er ein god sosial aktivitet.
Og iikkje minst er det fint å drive med symjing når graderstokken ute syner mange blåe grader.
Svømmeforbundet har lansert ei ny side http://www.svomlangt.no/. Her kan ein registerer seg på mosjonskampanjen, finne både gode tips til symjing, treningsprogram og mykje meir.